Viking er i anmarsj
Viking er, som alle veit, ei storheit i norsk fotball, Veterancup medrekna. Me hugsar syttitalet med fire strake gull i 72-75 og The double i 79. I Veterancup har Viking vore årvisse gjester, og dei har vunne 50-klassen dei tre siste åra. Kanskje dei tek den fjerde og dermed kopierer gullalderen frå 40 år sidan? For å få klarheit i dette har me hatt ein prat med Finn Krogh. Finn var med på The double i 79, og me må også nemna at han tok cupgull med Brann i 82 då dei vann 3-2 over Molde.
Finn fortel at dei i år stiller i V40 og V50. Dei har ikkje laga heilt klare enno, men dei har ei god stamme med litt inn og ut av mannskap. Dei trenar ein gong i veka. Finn vil trekkja fram det gode samarbeidet dei har med Haugesund. Viking har «overteke» spelarar frå Haugesund når arabarane ikkje har stilt lag sjølve. I år gjeld dette Roger Føleide, Jens Egil Vikanes og Åge Risanger.
Når Finn skal gje karakter til Veterancup, er det mange pluss i margen. Han karakteriserer turneringa som ein kjekk møteplass der ein møter gamle og nye kjende til kappestrid og sosialt samvær. Det er kjekt med konkurranse slik at det ikkje vert berre bankett. Finn tykkjer det alltid er kjekt å koma attende til Lærdal, også fordi han sjølv budde Lærdal i ei årrekkje.
Finn har litt minus i margen også. Han seier at det tidvis har vore vel mykje folk, spesielt på banketten, men at dette har retta seg dei seinare åra. Det kan også bli litt stress med transport mellom hallane, men dette er småplukk, seier han.
Viking sine ambisjonar er å vidareføra sigersrekkja i V50. I klasse V40 har dei aldri vunne, men dei vil prøva i år. I denne klassen har det blitt nokre «nesten» utan at dei har klart å setja kruna på verket.
Me takkar for praten og ynskjer Viking vel møtt.