Jondal melder seg klare for Veterancup.


Jondal I.L. er ein gammal travar i Veterancup. Dei har tidvis bite godt frå seg med finaleplass i Old-boys som beste prestasjon. Bra jobba av laget frå Hardanger. Dei er (sjølvsagt) klare også i år, og omsider har dei innsett at åra går og at me alle blir eldre; dei har no rykka opp i veteranklassen. Dette fortel styrmann Atle Sollesnes.

Laget består av lokale heltar pluss nokre innleigde.  Spelarane er busette litt rundt omkring, men dei satsar på at talent, entusiasme og rutine skal vega opp for eventuell manglande samtrening.  Jondal er også kjent som laget med eigen vaktmeister med verktøykasse, den noverande «svensken» Jan Inge Eide.

Med gode prestasjonar frå Old-boysklassen i bagasjen, er Jondal spente på overgangen til Veteran. Dei stiller med omtrent same lag som i fjor, og det skal bli kjekt å møta nye og kanskje «større» lag enn før. Dei tek kamp for kamp og gjer opp status deretter.

 Me ynskjer Jondal lukke til i årets cup!

Lars Einar Torsnes