Ham Kam er eit sikkert kort når det stundar mot cup i indre Sogn. Dei har vore med alle gongene med unnatak av 2008 då dei ikkje kom seg over fjellet i uveret som herja den gongen.
Me har hatt ein prat med sjefskamerat Terje Kojedal. Han kan fortelja om grei oppladning til cupen. Dei trenar og spelar heile året, stort sett. Dei stiller omtrent same lag som dei har gjort dei siste åra med bra suksess.
Terje er, og har alltid vore, full av lovord om Veterancup. Fotball er gøy, og det sosiale får terningkast seks. Han har og vore med på fiskehelgene som har vore arrangert nokre somrar, og han kjenner seg etter kvart på ein måte på heimebane i Lærdal og omegn. Akkurat det synet deler han nok med mange.
Når det gjeld ambisjonar på vegne av laget, så fortel Terje at dei har eit bra lag. Dei har som mål å gå vidare, og med klaff undervegs kan dei nå eit godt stykke. Dei sosiale ambisjonane er sjølvsagt å ha det moro og treffa mange likesinna.
Me takkar for praten og ynskjer Terje & Co velkomne til årets turnering.
Lars Einar Torsnes