Fredrikstad er tilbake i manesjen.


Fredrikstad Fotballklubb har, med unnatak av 2012, vore fast innslag i Veterancup. Sjølv i året utan lag synte gutane frå plankebyen seg å vera seigliva. Me har hatt ein prat med Tommy Warchol som saman med lagkamerat Tom Espen Fingarsen i fjor spelte for Vålerenga sine veteranar.

Tommy fortel at status er at dei har 7-8 spelarar klare i klasse V50. Dei stiller mellom anna med namn som Tom Espen Fingarsen, Per Egil Ahlsen, Henning Johansen og Tommy sjølv.  Det kan her nemnast at Tommy har vore med i alle veterancupane, ein flott prestasjon.

 

Tommy framhevar, ikkje uventa, det sosiale som eit stort pluss. Fotball er ei stor felles interesse, og det er kjekt å treffa mange likesinna til kappestrid og ein liten fest med god mat og sunn drikke. Han peikar også på miksen mellom topp og breidde som svært positivt.

 

Fredrikstad vil sjølvsagt prøva å vinna kampane dei stiller opp i, men verda går ikkje under om dei går på ein smell. Som nemnt er det sosiale viktigast, og det skal dei kvite og raude gjera sitt beste for å bevisa.

 

Me takkar for praten, og ynskjer vel møtt.

 

 

Lars Einar Torsnes