Byen e Bergen og laget e Brann!
Brann er eit populært innslag i Veterancup. Dei har vore med kvart år, og i år stiller dei i 40- og 50-klassen. Dei vann 50-klassen for to år sidan og har kanskje skumle planar i år også?
Me har hatt ein prat med Kjell Rune Pedersen. Han fortel at han sjølv har vore med alle gongene så nær som ein.
Som dei aller fleste andre, nemner Kjellien det sosiale som grunn nr 1 for å delata i Veterancup. Her kan ein treffa gamle med- og motspelarar samstundes som ein vert kjend med mange andre hyggelege folk i tillegg. Han framhevar vidare god mat, god musikk og danseglede som viktige faktorar for å trivast i Lærdal siste helga i januar. Når det er sagt så stiller sjølvsagt konkurransemannen Kjell Rune skarpskodd på parketten når det stundar til kamp. Vinnarinstinktet ligg i blodet!
I tillegg til sjølve veterancupen har Kjellien og ein del andre spelarar også vore med på sommararrangement i regi Lærdal I.L. Dei har vore med og dømt kampar i Lærdalsturneringa for aldersbestemte lag, noko Kjell Rune framhevar som særs hyggeleg. I tillegg slepp han å dikta så mange fiskehistorier, mange hugsar laksen på 14-15 kg som Kjellien drog opp av Lærdalelva for nokre år sidan.
Kjenner me Kjellien og Brann rett, kjem dei nok til å bita frå seg. Han held likevel Viking som klare favorittar, tett følgt av Sogndal. Uansett har Kjellien allereie teke for seg av premiebordet. Han vann knepent/suverent (stryk det som ikkje passar) i Veterancupens julekalender. Han må såleis i alle høve fram for å motta premie. Der ”risikerer” han, etter eige tips, å få selskap av sin gamle lagkamerat Finn Krogh.
Me ynskjer Kjell Rune Pedersen og resten av Brannspelarane vel møtt nok ein gong!
Lars Einar Torsnes