Stordal stiller nok ein gong.
Stordal I.L. frå Sunnmøre er eit av dei faste innslaga i Veterancup. Dei har delteke i ulike klassar opp gjennom åra, i år er dei med i V50. Me har hatt ein prat med Hallgeir Hove.
Hallgeir fortel at dei har eit ”ungt” V50-lag der stammen er laget som vann oldboys-klassen for ti år sidan. Laget har trent godt, men dei har teke hensyn til kva gamle kroppar tåler av oppkøyring til årets høgdepunkt.
Hallgeir nemner mange plussfaktorar ved Veterancup. Fotballfolket som samlast i Lærdal siste helga i januar er som ein stor familie. Det er svært kjekt for lag frå lågare divisjonar å få møta topplag. Når dei kan spela jamnt med, og kanskje slå, gamle topplag, er det ein kjempebonus. Men, fotball eller ei, det sosiale er og blir det viktigaste.
Stordal sine prestasjonar i Veterancup har fått ein del merksemd lokalt. Mellom anna vart det slått stort opp at Stordal slo Manchester United, med Andy Cole på laget, 5-3 for eit par år sidan.
Stordal har ambisjonar om å nå langt i årets cup. Hallgeir seier dei har eit sterkt lag som har planar om å vera med blant dei beste i klassen. Andre sterke lag er, etter Hallgeir si meining, Sogndal, Brann og Viking.
Me takkar for praten og ynskjer Stordal I.L. lukke til og vel møtt!
Lars Einar Torsnes