Viking er klare!
Viking, regjerande meister i V50, er klare til årets veterancup. Me har hatt ein prat med Bjarne Berntsen. Viking har vore med i Veterancup ei rekkje gonger, Bjarne er med for fjerde gong.
Bjarne og laget hans synest det er kjekt å halda kontakt med gamle med- og motspelarar. Det sosiale får topp karakter, ikkje uventa. Bjarne tykkjer og at det er kjekt med kappestrid mot gamle konkurrentar. Kamp er kamp! Han har elles berre positivt å seia om turneringa, ei flott turnering for å bruka Bjarne sine eigne ord.
Som regjerande meister er det naturleg å stila høgt også i år. Bjarne seier dei har om lag same mannskap som i fjor, så med god innsats og greie marginar kan det godt bli pokal nok ein gong. På den andre sida vil nok motstandarane skjerpa seg for å klara å ta skalpen til Viking.
Kjenner me siddisane rett, har dei gjerne eit ess eller ein joker i armen. Uansett, velkomne til Veterancup!
Lars Einar Torsnes