Rapport fra Sandviken old-girls.
Redaksjonen har hatt ein prat med Mette Hammersland.
Sandviken har hatt damelag med i Veterancup alle åra damene har vore med, så nær som eitt.
Dei siste åra har klubben hatt lag i både oldgirls- og veteranklassa. Mette seier at det er svært kjekt å ha med dei ”unge” spelarane. Stamma i dette laget er dei som vart cupmeistrar i 1995.
Som dei fleste andre me pratar med i denne spalta, har Mette ei rekkje gode grunnar for å vera med i Veterancup. Det er GØY å vera med. Ein klarer å halda laget samla gjennom året, både sosialt og aktivt, når ein har noko å sjå fram til. Sandviken veterangirls spelar også seriefotball sommarstid. Det er kjekt å spela, og det er kjekt med alt det andre som skjer ei slik helg.
På spørsmål om ho har noko ho vil endra på i Veterancup, føreslår Mette ein eigen klasse for jenter over 50. Journalisten sender denne ideen vidare til leiinga.
Når det gjeld Sandviken sine ambisjonar, seier Mette at dei vil prøva å gjera det betre enn i fjor. Ho nemner Klepp og Arna-Bjørnar som favorittar i klassa.
Me takkar for praten og ynskjer Sandviken sine lag velkomne til årets turnering.