Berre 3 veker til Veterancup 2012
I dag skriv med 8. januar og det er knappe tre veker til Veterancup 2012 vert blesen i gang. For Roald Flodsand og hans mannskap gjenstår det tre veker med jobbing for at alt skal bli klart til årets happening.
For dei deltakande laga gjenstår det knappe tre veker med knallhard trening. Når det nærmar seg turneringsstart er de togså slik at vi har ein gjennomgang på om alle påmeldingar og namnelister er på plass. Vi manglar framleis nokre av dei. Eg ber alle laga om å bruke skjema for namnelister som ligg på nettsida før de sender namna til meg. Då slepp eg skriva oppatt alle namna og føra dei inn i skjema. Det er nemleg desse skjemaene me brukar i sekretariatet.
Alt nytt som skjer i forbindelse med turneringa vil bli lagt ut her fortløpande. Det kjem snart litt info om transport.
Pulisert: ruthl@mail.ardalsnett.no