Vinnarar Veterancup 2001
Vinnarane av årets turnering er…
Internasjonal veteranfotball
– svensk siger i veteranfotballturnering
Verken fjorårsvinnar Ham-Kam eller Rosenborg kunne hindre det svenske veteranlaget Samsung Digitall (bilete under) i å gå til topps i veteranklassen i fotballturneringa i Lærdal og Årdal. I finalen var det duka for eit tett oppgjer mot Vard frå Haugesund. Desse to laga hadde utmerka seg som dei beste gjennom heile turneringa. På Samsung Digitall spela mellom andre den tidlegare Sogndaleleganten Rhonny Nilsson. På Vard utmerka både Asbjørn Helgeland og brødrene Risanger seg. Begge lag kunne syne fram lekre fotballdetaljar, men til slutt var det dei svenske gjestane som synte seg sterkast. Vålerenga har vore trufast gjest i turneringa og i år fekk dei endeleg utteljing ved å bli nummer tre.
Vinnarlaget i veteranklassa Samsung Digitall
Rosenborg stilte også med eit sterkt lag i oldboysklassa og alle rekna nok med at Mini og Kåre Bruttern Ingebrigtsen skulle ta heim sigeren. Men Eikefjorden med ein Steinar Hopen i kalasform sette ein effektiv stoppar for det. Steinar Hopen fekk heilt fortent bestemannsprisen for sin innsats på bana (bilete under).
Turneringas beste spelar Steinar Hopen (t.h.) mottek premie frå Torstein Kvam
I år som ved tidlegare høve vart arrangementet avrunda med bankett i Lærdal, der dei faste dommarane Ivar Fredriksen, Frank Skadal, Henry Øberg og Svein Inge Thime kunne konstatere at turneringa har ei positiv utvikling både fotballmessig og sosialt.
Arrangørane vil fram mot neste års turnering arbeide for å utvide turneringa med eit par engelske lag. Årets deltakarar stemte fram Leeds og Liverpool som ønskemotstandarar.