Velkomne til VeteranCup 2001 i Lærdal og Årdal!

Me satsar på ny turnering 26. og 27. januar. Me vonar at me kan få like stor oppslutnad om turneringa vår i år som i fjor. Nytt høvet til å treffe fotballvener både på bana og sosialt.



Til no har det meldt seg på 20 veteranlag og 15 oldboyslag. Nytt av året er dei gode elitelaga som er påmelde til oldboysklassen. (Sjå link påmelde lag 2001)


I år som åra før, vil trioen Svein Inge Thime, Ivar Fredriksen og Henry Øberg vera på plass. Trioen er tilsaman 200 år.


Det er jobba med å få eit topplag frå England, dette har ikkje lukkast for i år. Men for 2002 turneringa vil me garantera at det kjem eit topplag frå  England.


Samsung Digitall er eit svenskt lag med nokre kjende profilar.


Frå 20. desember vil me prøva å oppdatere sida vår etter kvart nye ting skjer.


Laurdagskvelden vert det bankett med premieutdeling på Lærdal Hotell.


 


Velkomen !


Roald Flodsand
leiar