if… VeteranCup 2000 – pressemelding 30.01.2000
Ham-Kam slo Rosenborg 2- 0 !
Ham-Kam slo Rosenborg i finalen i innandørsturneringa i fotball for veteranar i Lærdal og Årdal 28. og 29. januar. Etter innleiande kampar, der lag som Vålerenga, Lillestrøm, Viking, Kongsvinger, Fredrikstad, Sogndal, Proffane (med mellom andre Anders Giske og Erik Solér) og Brann var slegne ut, sto kampen om den prestisjetunge finalesigeren i veteranklassa att. Både Rosenborg og Ham-Kam hadde hatt marginane på si side i innleiande rundar, men i finalen var det ingen tvil, Ham-Kam var best og vann ein fortent siger. Det måtte sjølv Sverre Brandhaug innrømme i si tale under banketten laurdag kveld. I oldboysklassa vann Norheimsund 4 2 mot den lokale favortitten Jotun frå Årdal.
(fullstendig resultatliste ligg ute på www.veterancup.no frå søndag kveld).
Framtidig offisielt NM ?
Turneringa, som framstår som den viktigaste møtestaden for fotballspelarar i aldergruppa 33 til godt over femti år, vart arrangert for tredje året på rad, og arrangørane i Lærdal idrettslag fekk mykje ros for tiltaket i dei mange helsingstalane utover laurdagskvelden. Saman med fotballvener i Årdal har ein makta å få til eit godt opplegg, der både det sportslege og sosiale får innpass. Arrangørane ventar no på ei avgjerd i Norges Fotballforbund (www.fotball.no) i februar om arrangementet får status som offisielt NM i innandørsfotball for oldboys og veteran.
Henry Øberg æresmedlem i Sogndal
Geir Navarsete frå Sogn og Fjordane fotballkrets delte saman med ordførar i Lærdal, Olav Wendelbo, ut premiane til vinnarlaga og til lag nummer to og tre. I samband med premieutdelinga vart turneringas beste spelar i dei to klassane kåra. I oldboysklassa stakk Steinar Hopen, tidlegare Sogndalspelar som no spelar på Eikefjord, av med denne premien, medan Terje Kojedal frå Ham-Kam fekk denne utmerkinga i veteranklassa. I turneringa er også dommarane heilt sentrale i både det sportslege og sosiale. Finaledommar var Svein Inge Thime, og Ivar Fredriksen sto også for innslag av det underhaldande slaget. Under premieutdelinga fekk «far» Henry Øberg ei heilt spesiell utmerking. Han vart tildelt æresmedlemsskap i Sogndal for si lange teneste for fotballen. I si takketale sa han at han i yngre år hadde meint å bli prest, men at han hadde for kort hals til å bere krage. Til dundrande applaus takka forsamlinga for at han valde fotballen.