Berre ei lita veke til turnering



Nedteljinga har starta for fullt.  Berre 5 dagar til årets turnering vert blesen i gang.  Kampoppsett er lagt ut som hovedsak.  Det er stadig små endringar.  For å halda dykk oppdatert på kampane de skal spela, kan det vera lurt å sjekka kamoppsettet dagleg.

Vi reknar med at alle har bestilt den transporten dei treng.  Skulle det vera spørsmål rundt dette, står kontaktinfo til transportansvarleg under «kontaktar» i menyen til venstre.


Høyrer også rykte om at trening med futsalball held på for fullt.  Nokre har nok vorte både positivt og negativt overraska i møte med denne ballen.




































Vèret blant dei høge fjella, skal bli ganske bra.  Det har meldt litt snø fredag og laurdag, men vi håpar at alle kjem seg over fjellet i rett tid. 


Det vil som vanleg vera salg av drikke, mat og vafler i dei ulike hallane.  Aldersbestemt fotball gjer ein stor innsats under turneringa og håpar på godt besøk i kioskane.


Når det gjeld billettar til bankett, skal dette avklarast direkte med hotellet.  Sjå info under «Informasjon» -> Lærdal Hotell.


For å sjå fotballkampar, vert det solgt turneringsbilettar som gjeld heile helga. 


Skulle det ellers vera spørsmål rundt cupen, ber vi dykk kontakta oss ( sjå etter rett vedkomande under kontaktinfo).


Lykke til med dei siste førebuingane 🙂  så snakkast med snart.


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no