Fredagsportrettet 24. desember
Navn Ivan Øy
Klubb I.L Jotun
Klasse i veterancup Veteran
Kva lag har du spela for gjennom tidene?
Eg har spelt for Jotun,jotun/årdalstangen,Åfk og sogndal
Kva er dine beste minne frå fotballkarriera?
Har veldig mangen gode minner og må trekka fram opprykka med jotun og den gode gjengen me var der.Det å få spela i tippeligaen var og ein god opplevelse og er nok det som ligg øvst på lista. Kampen mot Rosenborg i 1992 16.mai med 24500 tilskuarar på tribuna i Trondheim er noko som gav inntrykk.
Det må væra heimekampen på fosshaugane mot mjøndalen der me vann 1-0 og eg skora på ein corner. Var viktigt der og da sia det var sårt trengte poeng.
Den verste opplevinga skjedde på ei trening 2 dagar før seriestart i 1990 da eg sleit av fremre korsbånd .Den skaden tok meg 12 mnd før eg kom meg på ei fotballbane igjen og har prega meg gjennom heile karrieren.
nokon svært morsomme eller pinlege?
Spelte ein treningskamp mot Vik på fosshaugane grusen i 1986 i februar mnd for jotun.
Me fekk eit innkast og ballen sette seg fast i ei av snøfennene utanfor bana og vår iherdige og mangeårige høgre back Eilert olsen var fast innkastar og sprang opp for å henta ballen.
Den dagen hadde tempraturen stege så det var vatn og is rundt bana,idet Eilert hadde fått tak i ballen så sklei han ned imot sidelinja imot den største vatndammen som var der og fekk seg eit rimeligt kaldt bad noko som ansiktsutrykket og lydane han gav ifra seg gav preg av.
Eg stod rett ved sida av og fekk med meg heile seansen og fekk latterkrampe. Eg greidde ikkje å
å stoppa med latteren min og det resulterte med at eg vart utbytta etter anbefalinga ifra Eilert.
Kva ville du ha endra på av fotballreglar om du var heilt sjef?
Da hadde eg innført video dømming om ballen er i mål og ved situasjoner der spelarar har juksa seg til mål(thierry henry m.fl)
Altfor mangen kampar har blitt avgjort på feil måte og det kan væra eit godt hjelpemiddel for dommarane,
Kvifor til Lærdal på Veterancup?
Å få væra med på denne turneringa er ein årlig happeningsom me alle ser fram til kvart år.
Det er og samtidigt ein flott mulighet å få spela mot tidligare toppspelarar i norge og no i seinare tid i frå England og det er samtidigt kjekt å treffa igjen gamle kjente som me ellers ikkje ser.
Kven er favoritt i Lærdal 2011?
Me har som alltid veldig god tru på oss sjølve men har dei siste åri hatt problem å stå distansen ut.
Må sei at me er favorittar sånn at me får litt press på oss
Filtball eller futsalball?
Har alltid sagt at filtball ikkje er fotball da den er sleip å ha med å gjera .
Futsal heilt klart.
Kva skal til for at ein vanleg fredagskveld blir ein GOD kveld hos deg?
Ikkje noko er bedre enn å laga god mat ilag med familien og slappa av med eit glas vin eller øl.
Enda som oftast med ein liten blund før senkveld har starta.
Fredag 28. januar blir ingen vanleg fredagskveld! Men tradisjonen tru, skal den bli både god, glad og artig!
Velkommen til Lærdal siste helga i januar!
God helg!