Futsalball i 2011 ??
Nokre lag har sendt førespurnad og ynskje om at vi frå 2011 brukar Futsalball i Veterancup.
Kort oppsummert kan vi sei at ein Futsalball er spesiallaga til innandørs fotball. Ballane sprett ikkje lenge før dei ligg på golvet:
UEFA og FIFA sine krav for at ein ball skal kunne brukast i match går hovudsakleg på storleik, form, vekt og spretteigenskapar. Ein futsalball kan kanskje kjennast vanskeleg å spela med dei første gangene på grunn av responsen i ballen. Men ein oppdagar kjapt at det er desse ballane som er best når det kjem til kontroll. Kontroll og teknikk er nokon av dei viktigaste eigenskapane når ein snakkar om futsal. Ballen skal ikkje stusse mindre enn 50 cm og ikkje meir enn 65 cm ved første stuss når den blir sluppen frå ein høgde på 2 meter.
Kva meiner deltakarlaga til Veterancup 2011? Skriv di meining i gjesteboka eit fora for litt drøfting og utveksling av synspunkt. Eventuelt send synspunkt på mail til : mona@sognenett.no