Stordal, eit av dei rutinerte laga.


Stordal er eit av dei verkeleg rutinerte laga i Veterancup.  Me har hatt ein prat med Hallgeir Hove.  Hallgeir kan fortelja at Stordal har vore med alle åra unntatt eitt, og dei har tidvis delteke i to klassar.  No deltek dei i veteran 40 og veteran 50. 

Stordal har fleire gonger gjort det godt resultatmessig med fleire semifinalar og kruna på verket: finalesiger over Brann i Old boys-klassen i 2003.


 


Stordal er ikkje snauare enn at dei siktar høgt sportsleg, spesielt i V50, sjølv om dei sjølvsagt møter sterk motstand.  I 40-klassen reknar Hallgeir Vålerenga og Viking som favorittar, og han tek også med Viking i 50-klassen.  Her nemner han Stordal og Bærum som farlege outsiderar.


 


Når me ber om tre gode grunnar for å vera med i Veterancup, så nemner Hallgeir straks det sosiale.  Ein kjenner seg som i ein stor familie.  Han nemner vidare at konkurranseinstinktet får utløp sjølv om ein er komen i ein respektabel fotballalder.  Sist, men ikkje minst, nemner han arrangørstaben med Roald i spissen.  Den ramma og profesjonaliteten som pregar veterancupen, gjer at ein rett og slett får lyst til å vera med.  Det er eit stort pluss at klassane vert utvida oppover i alder.  Ein vert vel aldri for gammal til å ha glede av fotball.


 


Me ynskjer Stordal lukke til og velkomen til Veterancup!


 


For nettsida: Lars E. Torsnes


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no