Ham Kam på plass at i Veterancup
HamKam er eitt av dei laga som verkeleg er veteranar i cupen i Lærdal/Årdal og frå i år også Aurland. Me har hatt ein prat med Terje Kojedal,
og han fortel at laget har vore med alle gonger unntatt to.
Dei er klar for innsats siste helga i januar og er, som alltid, optimistar. Dei har, i følge Terje, eit godt lag med ei fin blanding av gamle og litt yngre. Fin balanse i laget, altså.
HamKam sine forventningar til cupen er å ha det moro i alle faser av helga. Det sosiale er det viktigaste, sportslege resultat er ein fin bonus. God trivsel er ein føresetnad for gode prestasjonar.
Som vanleg når me spør om gode grunnar til å vera med i Veterancupen, så trekkjer også Terje som nemnt fram det sosiale. Laget kan samlast ei heil helg til fotball og festleg samvær. Ein treffer gamle kjende, både med- og motspelarar. Sist, men ikkje minst, er cupen ein fin motivasjon til trening om vinteren. Terje & Co spelar 7-er fotball i serie i sommarhalvåret.
På spørsmål om favoritt i klassen seier Terje at han ser Vålerenga som eit lag som kjem til å enda heilt i toppen.
Me ser fram til eit hyggeleg gjensyn med laget frå Mjøsas bredd!
For nettsida. Lars E. Torsnes
publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no