Rubb IL Veteran deltek i Veterancup for andre gang
Rune Kvernenes frå Rubb IL har vore i kontakt med nettsida. Fyrst ynskjer han å ønska alle eit godt nyttår!. Rubb er godt i gang med førebuingane til Veterancup.
Dei har ein tropp på åtte mann av ein stall som består av 25 stk. oldboyser. Veterancup i Lærdal er det store målet kvart år.
Det er kanon både sportsleg og sosialt. Han ynskjer å gje ein stor honnør til arrangørane som han tykkjer gjer ein kjempejobb,
Rubb IL ønsker alle lag ei god oppkøyring fram mot Veterancupen. Rubb IL er i rute. Pasning, løp og mottak er på plass….det gjenstår berre å bevisa.
Vidare ønsker dei alle lag ein god tur og ber dykk køyra forsiktig.
Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no