Sandviken Veteran er klar for Veterancup!
Me har hatt kontakt med Mette Hammersland i Sandviken sitt veteranlag. Dei har vore med heile vegen sidan damene kom med i Veterancupen i 2002.
Dei mønstrar stort sett same gjeng som før, noko som borgar for liv både på og utanfor banen. Trine Tviberg,
tidlegare A-landslagsspelar, er tilbake etter nokre års fråvere, ein klar styrke i følge Mette.
Sandviken veteran sine forventningar er at vi skal klare oss. Det vil seia å ha det moro både på og utanfor banen, for ikkje å seia på både fotball- og danseparketten. Dei ser fram til å spela mot ungjenter som berre så vidt har runda 40. I tillegg har Sandviken eit old girls-lag med stammen av dei som blei cupmeistrar i 95.
Mette nevner fleire gode grunnar til at dei er med i Veterancupen. Dei viktigaste er at fotball er gøy og at det er veldig kjekt sosialt, både i oppkøyringa og under sjølve cupen. Det er kjekt å treffa fotballvenner som ein ikkje ser så altfor ofte, gjerne berre denne eine gongen i året.
På vårt spørsmål om kven som er favorittar i klassen, held Mette ein knapp på Klepp og kanskje Trondheims-Ørn. Kanskje Sandviken seglar opp som vinnarkandidat på banketten?
Me ynskjer Mette og Sandviken velkomne til Veterancupen!
For nettsida: Lars Einar Torsnes
Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no