Veterancup 2010 – nærmar seg ….. 29. – 30. januar 2010


 Veterancup 2010 er ikkje langt unna.  Turneringsleiar Flodsand har allereie begynt å få henvendelsar fram mot neste års cup.  

De kan allereie no melda på lag.  Me presiserar at det er dei laga som var med i 2009 som har fyrsterett til neste års cup. Desse må ha sendt påmelding innan 15. oktober.  Ette den datoen opnar vi for andre lag.

Når det gjeld overnatting, kjem vi tilbake med info etter 1. oktober.

Arbeidslaget tek sikte på å møtast i starten av oktober.  Har de meningar om neste års cup, er det berre å senda til underteikna og eg tek dei vidare.


NB NB!!  Når de melder på lag, er det SVÆRT viktig at dette vert gjort gjennom påmeldinga til venstre på veterancupsida.  IKKJE gjennom telefon til Roald eller nokon av oss andre i styret!! Hugs å fylla ut alle opplysningar det vert bedt om.  Er påmeldinga mangelfull, vert laget ikkje registrert som påmeldt.


Vel Møtt til påmelding !!!!


 


Ruthl@mail.ardalsnett.no