NB! Viktig melding til laga.



REGISTRERING VED ANKOMST

Det er mange lag som kjem til turneringa på same tid. For å effektivisere utdeling av deltakarbevis vil vi etablere eit lagsmottak i lokala like til høgre for hotellresepsjonen. Ein representant for kvart lag vert oppmoda om å møte her for å motta deltakamerke (naudsynt for adgang til matservering, fest, etc.).
Her vil også t-trøyer som deltakarminne til laga bli utlevert. ALLE lag, også dei som ikkje bur på Lærdal Hotell, vert bedne om å ta turen inom her på fredag for å hente sine deltakarbevis og t-trøyer. Gule trøyer vert utdelt seinare!
 

SAL AV UNITED OG LIVERPOOL-TRØYER

I samband med turneringa vert det høve til å kjøpe signerte lagstrøyer for dei gjestande engelske laga. Slikt sal skjer i kiosk i hallane.

 

TA MED VINNARPOKALEN FRÅ I FJOR!

Vinnarlaga frå 2008-turnering vert med dette minna om å ta med vandrepokalen attende til Lærdal. Den kan bli med heim att, men det føreset siger.