Jølster er klare for turnering att….
Jølster er ein fin gjeng som trenar saman 2 ganger pr. veke året i gjennom. Det har dei halde på med sidan den nye kunstgrasbana på Vassenden i Jølster var klar i 2005. Og på dette laget er det møteplikt. Gutane fortel at det er kun si eiga gravferd som er gyldig grunn for ikkje å møta…..
Jølster er mellom 10 og 20 mann på alle treningar uansett vèr og vind. Laget er faktisk regjerande kretsmeister for oldboys (7 ar). Det har ikkje vore KM for old-boys dei siste to åra, så Jølstringane nyt synet av pokalen enno. Dei håpar at fleire lag melder seg, slik at det er muleg å ha turnering til sommaren. Det er berre å grave fram skoa, koma seg ut å trene og melde på lag.
Jølster ser fram til veterancup og håpar på litt betre resultat enn i fjor. Då reiste dei til Årdal/Lærdal med for få spelarar. Dei miste to spelarar fyrste kampen, og måtte difor ut på markedet…..for å leige folk. Jølstringane var svært glade for at ein av funksjonærane (norsk folkehjelp) stilte opp som keeper. Ei stor takk til Stian Listhaug for det 🙂 I år stiller Jølstringane med dobbel dekning. Laget består av mange Liverpool supporterar, men også to ihuga Leeds supporterar.
Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no