Vinnar av tippekonkurransen er Rut Loftesnes – Kaupanger
Da er det avgjort!! VINNAR av tippekonkurransen som har pågått sidan 1. desember, vart Rut Loftesnes, frå Kaupanger. Årdalsjenta som har hatt fotball som sin store hobby sidan ho som liten måtte bryna seg på bana saman med gutane. Rut fatta interresse for fotballen lenge før resten av jentene i Årdal oppdaga den. Rut flytta til Sogndal for vidare skulegang. Kaupanger hadde jente-/damelag og der har ho spelt sidan.
Me gratulerar Rut med fyrste plassen. Totalt 44 poeng!
Damene har vore best i denne konkurransen. På delt andre plass har vi, Astrid Tjosevik Staff og Unni Håland Austerå. Dei enda på 42 poeng.
Og så da……endeleg ein mann på tredje plass. Og Mannen med stor M er ingen anna enn den eminente keeperen til Brann, Terje Hovdenak som no er degradert til å passa på laget frå sidelinja. Det viktigaste for Terje var nok å «knusa» broren Kjelli i konkurransen.
……..og det klarte han. Terje enda konkurransen på 41 poeng. ( Kjelli på 36 🙂 )
Premiane vert overleverte under turneringa i slutten av månaden!!
Takk til alle som har delteke, for ein flott innsats !!
Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no