Nordnes deltek for sjuende gang….
Nordnes IL, som er ein liten bydels klubb fra Bergen sentrum, deltek i år for sjuende gang i Veterancup. Nordnes IL blei stifta 14.06 i 1945 og hadde sin storheitstid rundt 1953/54 da laget spelte i den øverste serien. Nemleg i landsserien.
Laget har framleis rekorden over største tap i øverste serie, nemleg 14-0 borte mot Larvik turn. Nordnes IL har ca 300 medlemmar til sammen i både handball og fotball. Damelaget i handball spelar i 2. divisjon, medan vårt A-lag i fotball spelar i 5. divisjon. Nordnes IL stiller med to lag i årets veteranturnering. Dei tidlegare turneringane har ikkje vore nokon sportsleg suksess :-). Men det viktigaste er ikkje å vinna, men å delta – og det gjer dei 100%, både på bana og ikkje minst banketten.
Nordnes begynte oppkøyringa til til turneringa 1. nyttårsdag og det var kanskje ikkje rette dagen, for det var eit sørgeleg skue……Det var «gåstol-tempo» – hoftefeste og det var snakketøyet som fekk best trening denne kvelden.
Veteranane frå Nordnes skal no gjennomføra 1-2 treningar i veka og væra med i to lokale turneringar før dei set kursen for årets happening i Lærdal. Nordnes veteranane ønsker arrangøren lykke til med eit fantastisk arrangement og ser fram til å møta alle i Lærdal.
Med helsing Nordnes IL
Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no