Veteran- glimt, Mette Hammersland – Sandviken




Da har vi fått inn nye «veteran-glimt».  Denne gong er det Sandviken si Mette Hammersland som har svara på spørsmåla våre.

Kva for klubbar har du spela på i di aktive karriere? Og kva er høgaste nivå du har spela på?
IL Gneist, IL Sandviken f.o.m. 1977.
Vestlandsserien (før det vart etablert landsomfattande serie for kvinner)
Semifinale NM 1978


Kan du trekke fram spesielle høgdepunkt frå fotballkarriera di?
Som spelar var det selfølgeleg det å få væra så heldig å få spela fotball – var ingen selfølge når eg starta mi karriere.  Og eg har fått mulegheita til å spela fotball kvar sesong f.o.m. 1975 t.o.m. 2008.


Som ledar har eg hatt mange høgdepunkt:
Sandviken sitt Norgesmeisterskap i 95. 
Ledar for ein klubb som fikk både  det.NM, EM, og OL meistre – det var STORT det.
Det var jo også eit høgdepunkt å bli valgt som nestøverste ledar i NFF.


Kor ofte trenar / spelar du fotball?
Spelar i veteranserien – blir lite fotballtrening – men mykje anna trening-


Kor mange gonger har du vore med i Veterancup?
6 ganger.


Kvifor er du med på Veterancup?
Gøy med eige lag – både fotballspel og sosialt, men også for å treffa fotballvenner – kvinner og menn.


Blir det nokon spesialtrening under oppkøyringa til Veterancup?
Det blir det lite av – satser på rutine og god kondisjon.


Kven meiner du er favoritt i di klasse, og kvifor?
Satsar på Klepp – dei virkar veldig på «hugget».  Trur dei trenar også!!!!


Kva helsing vil du senda til konkurrentane i Veterancup 2009?
Dokkar vil aldri bli de første – for det var vi!! Du kan nok få meg ut av Sandviken men du får aldri Sandviken ut av meg.


Noko anna du gjerne vil få sagt?
I.L. Sandviken gledar seg – skoa er pussa.
Takk til arrangøren – dokkar står skikkelig på !  Og så ønsker eg alle ei riktig God Jul og eit Godt Nyttår.


Mette `n


Publisert : ruthl@mail.ardalsnett.no