• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Veteran-glimt denne gong Klepp !!

Veteran-glimt denne gong Klepp !!



For å bli litt betre kjent med spelarane som år etter åt stiller opp på Veterancup turneringa, har vi hatt ein liten prat med nokre av dei.  Den gong er det Unni Håland Austerå frå Klepp som svarar villig på spørsmåla våre:

Kva klubbar har du spela på i di aktive karriere?
Oppvaksen på Kleppe, så då vart det naturleg Klepp som vart mitt lag.  Klepp, den gong 1. divisjon (høgaste nivå).  Elles kan eg skilta med 2 ofisielle U20 landskampar.
Etter karriere og studiar vart det lengre ned i divisjonane.  Har då spelt for Kåsenog Frøyland.  (Spelte forresten i studietida òg på FC Neuköln og blei tatt ut på Auswahl Berlin.)


Kan du trekka fram spesielle høgdepunkt frå fotballkarriera di?
Utan tvil då eg vart Norgesmeister med Klepp i 1989.  Slo Trondheims-Ørn i finalen 2-1 (fleire av desse spelarane deltek i Lærdal).


Kor ofte trenar-/spelar du fotball?
Fotball vert det ein gong i veka med veteranlaget.  Me er ein god gjeng og har mykje «løye» på treningane.


Kor mange gonger har du vore med i Veterancup?
2009 vert 5. gong. både for Klepp og meg.


Kvifor er du med på Veterancup?
Fordi det er årets høgdepunkt.  Mykje sosialt og mykje latter blanda med fysisk aktivitet passar meg utmerka.  Dessutan er det heilt fantastisk å reisa med den gjengen me er på Klepp.  Her sit latteren laust.  Gamle historiar vert som nye og alle bidreg til eit godt samvær.


Blir det nokon spesialtrening under oppkøyringa til Veterancup?
Ikkje anna enn fotballtrening med laget.  Så satsar me på å få til nokre treningskampar før me reiser til Lærdal.  Utanom det prøver eg å halda formen sjølv med noko eigentrening.


Kven meiner du er favoritt i di klasse, og kvifor?
He, he må jo seia Klepp.  Me har vunne Old girls klassa to gonger på rad og går no får 3. napp.


Kva helsing vil du senda til konkurrentane i Veterancup 2009?
Gler meg til å sjå alle igjen til ei fantastisk helg i Lærdal.  Me skal kosa oss med fotball og ikkje minst det sosiale.


Noko anna du gjerne vil få sagt?
Vil retta ei takk til alle arrangørane.  De gjer ein utruleg jobb for at me skal ha det godt.  Det set eg stor pris på.  I tillegg vil eg takka llle deltakarane for at de òg er med på å gjera turneringa så flott.  Utan det gode humøret hadde det ikkje vore det samme.
Gledar meg!


Vi ynskjer deg og laget vèl møtt !!


Publisert; Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2008-12-25 00:00:002008-12-25 00:00:00Veteran-glimt denne gong Klepp !!

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: God Jul ! Link to: God Jul ! God Jul ! Link to: Stryn – med i turneringa for andre gang.. Link to: Stryn – med i turneringa for andre gang.. Stryn – med i turneringa for andre gang..
Scroll to top Scroll to top Scroll to top