Veterancup, positivt for dei minste…
Som dei fleste kjenner til, er Veterancup no vorten ein av dei største turneringane til lands for Veteranar. Veterancup som i år kunne feira 10 års jubileum, har sidan starten vorte eit digert dugnadsprosjekt.
Eit av formåla med turneringa er at dei tre arrangørklubbane Lærdal, Jotun og Åtil får tilbake midlar som kan utvikla den aldersbestemte fotballen vidare i regionen vår.
På biletet til venstre ser me eit av laga til Jotun som kvar år stiller opp med sine føresette på dugnadsarbeid for Veterancupen.
Dette laget kunne sjølv innkassera billettinntektene som vart solgt i Årdalshallen. Laget fekk inn 5500,-. Dette er ein flott dugnad som ikkje krev den heilt store arbeidsinnsatsen. I tillegg til å selja billettar og halda vakt på tribuner, får dugnadsfolket anledning å sjå mykje god fotball.
Veteranturneringa har gjennom alle desse åra skaffa seg mange kontaktar i fotball-Norge. Noko som heilt sikkert vil vera positivt for den aldersbestemte fotballen i regionen. For 2 år sidan arrangerte Veterancupen gratis fotballskule for dei tre arrangørklubbane. Eit svært populært tiltak, som me håpar vert gjennomført fleire gonger.
Den aldersbestemte fotballen er glad for at næringsliv og andre sponsorar støttar Veterancupen, då overskotet her går rett tilbake til dei yngste i fotballen.
Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no