Tournament rules in english

Tournament rules in Ukrainian

Turneringsreglar

Reglane for VeteranCup er no klare. Alle laga må ha sett seg inn i reglane som gjeld for turneringa.

§ 1. Dommaren

Det vert nytta ein dommar i kvar kamp.

§ 2. Linjedommar

I tillegg til dommaren vert det nytta ein linjedommar.Linjedommaren skal fungera på motsett diagonal i høve til dommaren og skal hjelpa dommaren med innspark, med kva lag som skal ha hjørnespark, samt om ballen er over mållinja.

§ 3. Spelarar og innbytte

Kvart lag skal spela med 1 keeper og 4 utespelarar.

Bytte av utespelarar kan skje heile tida. Keeperbytte berre ved stopp i spelet.

Bytte av spelarar skal skje ved innbyttarfelt ved sekretariatet.

Det er ikkje høve til å låna spelarar frå andre lag. Arrangørklubben har old-boys og veteranspelarar disponible som innbyttar dersom eit lag pga. skade ikkje har nok spelarar til å stilla lag.

§ 4. Speletid

Alle kampar, med unntak av finalar, vert spelt med 1 x 14 minutt speletid utan sidebyte. Finalar vert spelt med 2 x 8 minutt.Ved uavgjort resultat i sluttspelet vert speletida forlenga med 1 x 5 minutt. Dommaren droppar ballen på midten for å setje i gang spelet i forlenga speletid.

I forlenga speletid vert det nytta «første målet vinn» (sudden death).

Dersom ingen av laga scorer i forlenga speletid, vert spelet stoppa.

Vinnar av kampen skal då avgjerast gjennom straffesparkkonkurranse.

Straffesparkkonkurransen skal gjennomførast etter regelen «best av 5 straffespark». Dersom laga har scora like mange mål etter 5 straffespark kvar, vert det nytta «enkeltstraffar» der ein og ein spelar frå kvart lag skyt straffar inntil det kan kårast ein vinnar.

Alle spelarar kan ta straffer, enten dei er på bana eller ikkje ved kampslutt.

Alle spelarane på kvart lag må ta straffespark før nokon av spelarane har høve til å ta meir enn eitt straffespark i straffesparkkonkurransen.

Tilsvarande må alle spelarane ha teke to straffespark før nokon av spelarane kan ta tre straffespark i konkurransen, osv.

§ 5. Avspark

Avspark vert teke av «heimelaget» som alltid stiller opp på banehalvdelen til venstre for sekretariatet. Dersom laga har like drakter, skal bortelaget skifta drakt . Overtrekksvestar kan lånast i sekretariatet.Motspelarar må vera minst 5 meter unna ballen ved avspark. Dersom den spelaren som tek avsparket berører ballen før ein annan spelar har berørt den, vert det dømt indirekte frispark til motstandaren.

§ 6. Ballen i og ute av spel

Ballen er ute av spel når den treff taket. Spelet vert sett i gang att ved at det laget som ikkje spelte ballen i taket tek innspark frå sidelinja.Innsparket skal takast rett utanfor der ballen berørte taket.

§ 7. Reglar for når det er mål

Same reglar som i vanlege spelereglar i fotball.

§ 8. Offside

Offside-regelen vert ikkje nytta.

§ 9. Feil og regelbrot

Direkte frisparkTillegg til dei 9 regelbrota som etter dei vanlege spelereglane skal straffast med direkte frispark (evt. straffespark), skal direkte frispark også dømmast når ein spelar :

Angrip ein motspelar med skulderen.

Føretek ei glidetackling for å nå ballen, – enten spelaren treff ballen eller ikkje.

Indirekte frispark.

Indirekte frispark skal dømmast etter dei vanlege reglane, med unntak av dei regelbrota som er spesifisert for direkte frispark (sjå punktet over).

Indirekte frispark som vert dømt i målfeltet skal trekkast ut til 6-meterslinja.

Utvising

Utvising skal nyttast ved grove regelbrot

Ein utvist spelar kan ikkje koma på banen att i den same kampen, og kan heller ikkje sitta på innbytarbenken.

Ved utvising må laget spela med færre spelarar i 2 minutt. Tiden vert rekna frå det tidspunktet spelet vert sett i gang att etter utvisinga, og ein ny spelar kan koma inn på bana etter signal frå sekretariatet.

Etter utvising kan juryen bestemma om karantenen skal gjelda utover 1 kamp.

Utvist spelar skal sitta ved banesekretariatet til kampen er ferdig.

§ 10. Reglar ved frispark

Indirekte frispark skal takast frå det nærmaste punktet på 6-meterlinja dersom regelbrotet skjedde innanfor straffefeltetMotspelaren må vera minst 5 meter frå ballen ved frispark. Om dette ikkje vert overholdt, skal spelar som står for nærme gjevast ein advarsel

Dersom eit lag ventar meir enn 4 sekundar med frispark, skal motstandaren tildelast frisparket

§ 11. Straffespark

Straffespark skal takast frå 9-metersstreken. (Den stripla linja for handball)

§ 12. Innspark

Innkast vert erstatta med innspark. Det kan ikkje gjerast mål direkte frå innspark.Motspelaren må vera minst 5 meter frå ballen

Er ikkje innsparket teke innan 4 sekundar, overtek motstandaren innsparket

§ 13. Målkast

Målspark vert erstatta av målkast. Dette skal gjerast av målvakta som :Må stå innanfor eige straffefelt

Må setja ballen i spel innan 4 sekundar

Ikkje må kaste lenger enn til midten

Målkastet er derimot korrekt dersom ballen – før den kjem inn på motstandarens banehalvdel, treff golvet eller berører spelar som står utanfor straffesparkfeltet.

Ballen er i spel når den har passert 6-meterslinja

Motspelar kan ikkje gå inn i straffesparkfeltet etter at dei har spelt ballen over mållinja og før den er i spel att. Har ballen ikkje vore over mållinja, kan målvakta kaste over midten, – også rett i motstandarens mål.

Straff :

Dersom ballen passerer midtlinja utan å vera i berøring med ein spelar eller golvet, skal motparten tildelast eit indirekte frispark frå ein valfri stad på midtlinja.

Blir ballen berørt av ein med- eller motspelar før den er komen utanfor 6-meterslinja, skal målkastet takast om att.

Nyttar målvakta meir enn 4 sekundar på å setja ballen i spel, vert motstandaren tildelt eit indirekte frispark frå næraste punkt på 6-meterslinja.

Dersom målvakta, etter å ha sett ballen i spel, får eit tilbakespel frå ein medspelar, kan han ikkje ta ballen i hendene («brysting» og heading er lov). Om målvakta tek ballen i hendene, vert motstandaren tildelt eit indirekte frispark frå det næraste punktet på 6-meterslinja der målvakta tok i ballen.

Motspelar kan ikkje gå inn i straffesparkfeltet etter at dei har spelt ballen over mållinja og før den er i spel igjen.

§ 14. Hjørnespark

Hjørnespark skal takast frå den staden der side- og kortlinje møtestMotspelarar skal vera minst 5 meter unna ballen

Det er også hjørnespark når målvakta er sist på ballen

Straff :

Vert ikkje hjørnesparket teke korrekt, skal det takast om att

Om hjørnesparket ikkje er utført innan 4 sekundar, vert motstandaren tildelt indirekte frispark

§ 15. «4-sekund» regelen

Føremålet med denne regelen er at spelet skal setjast raskt i gang ved stopp i spelet. Det er opp til dommaren å avgjera når tidsramma på 4 sekund er overskriden. Som ei rettesnor gjeld: Frå det tidspunktet spelaren/laget KAN setja ballen i spel til den blir sett i spel, skal det ikkje gå meir enn 4 sekund.

§ 16. Sluttspel

§ 16.1. Rangering ved lik poengsum

Om to eller fleire lag har fått samme poengsum etter innleiande kampar, vert plasseringa avgjort slik :

1. Målforskjell

2. Flest scora mål

3. Innbyrdes oppgjer

4. Loddtrekning

§ 17. Protest

Protest må leverast til sekretariatet skriftleg seinast 15 minutt etter kampslutt. Dommaren skal om mogeleg gjerast merksam på protesten under kampen. Gebyr for innlevering av protest er kr.500,-. Gebyret vert berre betalt attende dersom protesten vert teken til følge. Juryens vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast.

§ 18. Aldersgrense for turneringa 2024

I veteranklassa må spelarar fylle 40 år eller meir i 2024. Kvart veteranlag har høve til å nytta ein spelar på bana som er yngre, men som fyller 36 år eller meir i 2024. Damer veteran kan i tillegg ha keeper under 40 år, men denne må fylle 34 år eller meir i 2024.

I oldboysklassen må spelarar fylle 34 år eller meir i 2024.

I oldgirlsklassen må spelarar fylle 32 år eller meir i 2024. I tillegg kan det til ei kvar tid vere ein spelar på bana pluss keeper som er yngre. Desse må fylle 29 år eller meir i 2024.

I 50+ herrar må spelarar fylle 50 år eller meir i 2024. Kvart 50+ lag har høve til å nytta ein spelar på bana som fyller 45 år eller meir i 2024.

I 50+damer kan ha keeper + 1 spelar på bana som er under 50, men fyller 45 eller meir i 2024.

I 55+ herrar må spelarar fylle 55 år eller meir i 2024. Kvart 55+ lag har høve til å nytta ein spelar på bana som fyller 50 år eller meir i 2024.

I 60+ herrar må spelarar fylle 60 år eller meir i 2024. Kvart 60+ lag har høve til å nytta ein spelar på bana som fyller 55 år eller meir i 2024.

Ved påmelding av spelarar må det påførast fødselsår, og ved eventuell klage på alder må det visast fram gyldig legitimasjon.

Brot på aldersbestemmelsane vil føra til at laget ikkje kan gå vidare i turneringa.

§ 19 Generelle reglar

Det vert nytta futsalball i turneringa. Det vert nytta same mål som i 7-ar fotball utandørs.

Det skal nyttast sko som ikkje set merker i golvet. Golvbelegg i Årdalshallen er PARKETT. I den nye Lærdalshallen er dekket av typen Pulastic 2000 TP 12mm. Aurlandshallen har parkettgolv.

Lag som har rusa spelarar tilstades i idrettshallen, vert ekskludert umiddelbart frå turneringa. Ansvarleg frå arrangøren, eller dommaren dersom vedkomande spelar kamp, avgjer om ein spelar er rusa.

Lag som ikkje møter til kamp vert ståande med tap 0-1, og kan ikkje gå vidare i turneringa. Dette gjeld sjølv om dei i utgangspunktet har gått vidare. Neste lag på tabellen rykker opp, og går vidare til sluttspel.

Lag som ikkje møter til turneringa utan å varsle om dette, vert ilagt ei bot på kr. 500,-, Laget kan i tilleg verta utestengd frå neste års turnering

Alle spelarar pliktar å ha løyst lisens.