Stryn – med i turneringa for andre gang..


Hei Fotballvenner

Det var første gongen Stryn stilte lag i veterancup i 2008, og det var med
store forventingar vi reiste til Årdal, vi hadde høyrt og lest mykje om
den. Først og fremst reiste vi for å lære og hadde moro. Skal seie vi
hadde det moro og at vi lærte ein del. Men det hygglegaste er jo å treffe
gamle kjent og det sosiale. Ikkje minst det sosiale.
Det er ein artig gjeng som samalst til trening to gongar i veka, antallet
varier frå 4 til 20 stk. Ei blanding av ungt og gamalt, rutinert og ikkje
rutinert. Vi held det gåande året rundt og når det ikkje bana ute kan
brukast ,trekkjer vi inn i hallen for å halde treningane i gong.

Troppen til turneringa til neste år er litt større og yngre enn kva den
var i år. To av veteranane frå ifjor har måtte melde forfall på grunn av
skadde, men vi har fått inn yngre krefter som vill kom godt med . Så til
neste år håpar vi på å komme ei steg lenger enn i år.

Vil til slutt ønske alle fotballvenner ei god jul og eit godt nyttår og så
sjåast vi i slutten av januar.