Kaupanger-damene er klare til turnering…

Kaupanger damene kunne stolte heva pokalen etter turneringa i 2005.  Då gjekk dei heilt til topps i turneringa. I 2006 var det Trondheims Ørn som kunne ta heim det gjeve trofèet.

Nettsida har vore i kontakt med Kaupanger si Aud Inger Sviggum Tangen.
Kaupanger har vore i knallharde forhandlingar med Asker.  Avtalar vart gjort før overgangsvindauge vart stengt denne veka.


4 spelarar frå Kaupanger er utleigde til Asker framfor turneringa neste helg.

Ei av desse er den eminente keeperen til Kaupanger, Lisbeth Vedvik.  Ho har i alt 4 sesongar med Asker frå tidleg 90 tallet. 2 ganger seriemeister og 2 ganger cupfinale.


Aud Inger seier det er med blanda kjensler dei slepper  Superkeeperen sin.  Men vi ynskjer lukke til.  Vi har heldigvis ein kanonerstattar i Tone Bakke – som har ei evne til å vere best når det gjelder – ho og.  Kor store overgangssummar det er snakk om vil Aud Inger ikkje kommentere.  (Truleg dreiar det seg om oppgjer i kontantar fredag kveld:)


I allefall gler Kaupanger seg til å ta fatt på kampane neste helg.


 


Nettsida ynskjer Kaupanger velkomne til turnering!!


 


Webansvarleg: Ruthl@mail.ardalsnett.no       (Ruth Laberg)