Dale IL – deltar i år for 4. gang i Veterancup




Dale IL helsar til alle fotballvenner.  Dei deltek i år for 4. gang i Veterancupen.  Frammøte på treningane, som er 2 gonger pr. veke, varierar noko frå 8-15 personar.

Dale gler seg like mykje kvart år til å reisa inn til Lærdal/ Årdal for å treffa fleire som har samme innstilling som dei. Nemleg å ha det moro saman på og utanfor bana.


I år har Dale 100 års jubileum. Stifta 10. februar 1909, difor tenkjer dei å tjuvstarta jubileumsfesten i Lærdal.  Noko vi ser fram til med heile «fotballfamilien» til stades.





Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no