Midsund har trekt laget.


Midsund sitt old girls-lag har meldt forfall frå cupen. I siste liten har det vore vanskeleg å få på plass eit nytt old girls-lag, då me allereie har gitt plass til laga som var på venteliste.

På førespurnad frå styret i veterancup stiller Kaupanger-jentene opp for å gi dei tilreisande laga nok kampar i innleiande rundar og godt puljespel.




Kaupanger-jentene er vel eigentleg eit old girls-lag. Damene har spela aktiv fotball på a-laget til Kaupanger, men har lagt opp iløpet av dei siste åra. Damene er likevel for unge til å old girls i veterancup – noko dei sjølve syns er litt morsomt!




Avtalen er at dei spelar innleiande rundar, men dei går ikkje vidare til sluttspel, sjølv om dei skulle klare plasseringa i innleiande rundar. Så ‘jentungadn’ frå  Kaupanger stiller sporty opp og har intensjonar om å bite godt frå seg! Watch out! …og ta godt imot dei!»