Arna Bjørnar, eit av laga med lengst fartstid



Arna-Bjørnar er eitt av laga med lengst fartstid i veterancupen.  Dei har delteke med lag alle ni gongene det har vore damelag med.  Me har hatt ein prat med Synnøve Tverlid, ei dame med solid fotballbakgrunn både på og utanfor parkett, gras, kunstgras, grus og så vidare. 

Ho fortel  at dei er VELDIG klar for årets turnering.  Arna-Bjørnar har med to lag med i alt 14 spelarar.


Når det gjeld sportslege forventningar, så seier Synnøve at dei har eit godt veteranlag med eit høgt toppnivå, men kanskje litt for ujamne prestasjonar.  Dei vil prøva å hevda seg i konkurransen og koma nærare dei beste laga. Laget har lada opp med ein lokal cup i Bergen, ein cup dei har vunne dei tre siste åra.


Når me spør etter tre gode grunnar for å vera med i Veterancup, så nemner Synnøve både sportslege og sosiale ting.  Det er kjekt å treffa gamle kjende, både med- og motspelarar.  Det er kjekt å møta betre lag enn dei ein møter til vanleg, og ein knyter vennskap og møter mange trivelege folk. Cupen er eit kjempeflott arrangement, og Synnøve ynskjer ikkje at arrangementet skal bli FOR stort. I så fall kan noko av sjarmen vera i fare, seier ho.


Me ynskjer Arna-Bjørnar velkomne til Veterancup!


For nettsida: Lars E. Torsnes


Publisert:ruthl@mail.ardalsnett.no