Nest Sotra Old Girls

Vi er ein gjeng frå Sotra, eller Øygarden som øyane no heiter. Alle på laget har spelt på ulike klubbar og ulike nivå. Tilslutt havna vi her i havgapet, i klubben med plass for alle. Damene til Nest-Sotra hadde si storhetstid i forrige århundre. Den harde kjerne frå den gang er framleis med, har heldigvis fått med yngre krefter. Vi burde nok trent meir, men vi har konkludert med at få treningar forebyggjer skadar! Blitt litt tyngre i taklingane med åra…
Har stort sett drevet med mental og sosial trening dei siste åra, så vi er veldig god på å skravle og le!
Veterancupen er årets happening og det som held gjengen samla. Så når vi sit i garderoben og snører på oss skoa er vinnerviljen og idrettsgleden minst like stor som i gamle dagar.