Vålerenga 50+, tilbake etter eitt års pause.

Vålerenga sitt 50-lag stod av ulike grunnar over fjorårets turnering. I år er dei imidlertid tilbake, sannsynlegvis i kjent stil. Me har prata med Erik Foss.

Fosser`n fortel at det er litt vanskeleg å førebu seg fotballmessig når ein har spelarane spreidd rundt omkring. Dei satsar på at rutine og eigentrening skal gjera susen. Erik fortel at han sjølv og Lasse Eriksen spelar fotball med Oppegård oldboys.

Når det då kjem til forventningar og ambisjonar, så uttalar Fosser`n: «Bedre enn Fredrikstad». Dei går sjølvsagt inn for å vinna så får tida visa kor langt det rekk. Han trekkjer, som alle andre me snakkar med, fram det sosiale som den viktigaste enkeltfaktoren. Dei har visse ambisjonar for allsongen på Kvammes om det skulle gå skeis på banen. Det å treffa gamle og nye fotballvenner er rett og slett moro!

Me ynskjer Vålerenga 50 (sjølvsagt saman med VIF 40) velkomne til Veterancup.

Lars Einar Torsnes