Brann «gutta» i rute …….


Nettsida har hatt gleda av å snakka med primus motor i Brann, Kjell Rune «Kjelli» Pedersen i kveld.

Og han forsikrar oss om at Brann gutane ikkje ligg på latsida.  I år stiller dei med eit mannskap på 10-12 mann.  Dei er i full trening….i alt er det 10 mann i «kjempeform» som kjem til Årdal / Lærdal siste helga i januar.

For dei av dykk som har vore inne og lese i gjesteboka på heimesida, har de sikkert lagt merke til at Brann keeper Terje Hovdenak bekymrar seg for nokre kilo for mykje på «skrotten» etter julehelga……
Siste gang han var å lesa i gjesteboka, gjekk heldigvis badevekta i rett retning….Ein halv kilo ned,…..also på rett veg mot toppformen.


Men for dei av oss som kjenner denne show-mannen,  som meistrar det meste frå musikk til sang og dans,  er likevel like seriøs på parketten som resten av Brann laget. Og ikkje nok med det,…. rykta fortel at han for fjerde år på rad er kåra til landets beste Volvo seljar…Grattis, grattis….!!!

..Så uansett ….20 eller 30 kg…….Terje går nok på bana for å satsa alt på å vinna årets Veterancup saman med resten av Brann-laget.   Laget til Brann er ikkje offentleggjort enno  Det er ein person me ventar svar frå. Vert det avklara frå denne personen at han vert med på årets Brann lag,…ja…då er det snakk om draumefinalar i Lærdalshallen…Gled dykk folkens… 


Webansvarleg: ruthl@mail.ardalsnett.no     (Ruth Laberg)


Foto: Steinar Kvigne og Siren Svortevik