Oppføringer av Lars Einar Torsnes

Godt nytt år!

Leiinga i Veterancup vil me dette ynskja alle fotballvenner eit godt nytt år. Nyttårsgåva er at me har fått klarsignal frå Danmark slik at me no er oppe i heile fem landslag: Island, Danmark, Finland, Færøyane og Noreg. Velkomne til indre Sogn i januar! For Veterancup Lars Einar Torsnes

Janne Saarinen klar for Veterancup!

Janne Saarinen, f. 28.2.77 i Finland, er ein kar som har spelt i mange klubbar. Her i Noreg hugsar me han gjerne frå tida i Rosenborg. No er han klar til innsats i indre Sogn i januar. Karriere: HJK Helsinki (1993-96, 1999-2000 og 2009-10) IFK Gøteborg (1997-98) Rosenborg (2001-2003) 1860 Munchen (2003-04) FC København (2004-06) […]

Islendingar til Veterancup.

Island stiller i landslagsklassen i Veterancup 2020. I dag kan me presentera to karar som har ei fortid i Brann og norsk fotball. Olafur Ørn Bjarnasson (f. 1975): 1992-1997: Grindavik, Island, 63 kampar / 2 mål 1998-2000: Malmø, 23 kampar / 2 mål 2000-2003: Grindavik, 72 kampar / 16 mål 2004-2010: Brann, 151 kampar / […]

Håvard Flo til Veterancup!

Håvard Flo er ein merittert spelar som dei fleste kjenner til.  Stryningen har ei lang karriere i inn- og utland, til liks med fleire i slekta. No er han klar for Noreg i Veterancup. Karriere: Stryn t.o.m. 1999.  Sogndal 1990-94 og 2001-10.  AGF Aarhus 1994-96.  Werder Bremen 1996-99.  Wolverhampton 1999-2001.  Håvard Flo har 21 A-landskampar. […]

Steffen Iversen kjem til Veterancup!

Steffen Iversen, f. 10.11.76, er endeleg klar for Veterancup. Han har ei lang og innhaldsrik karriere bak seg i Noreg og England: Rosenborg 1994-96, 2006-10 og 2012, Tottenham 1996-2003, Wolves 2003-04, Vålerenga 2004-05, Crystal Palace 2011-12. Steffen har 79 A-landskampar, og han har scora 21 mål på desse kampane. Lars Einar Torsnes

Påmeldingar: Snart fullt!

Status påmelding: Oldboys: To lag førebels, har følarar ute. Dersom det ikkje blir fleire lag, vil dei to laga få tilbod om å spela i 40+ utan at dei kan gå vidare i turneringa. Veteran herre 40+: Fullt dersom det ikkje vert oldboysklasse. Veteran herre 50+: Fullt.  Veteran herre 55+: Fullt. Old Girls: Fullt.  Veterangirls […]

Kjetil Wæhler klar for Veterancup!

Kjetil Wæhler er ein profil som skulle vera kjend for dei fleste. Han har ei lang karriere som no blir komplett med deltaking i Veterancup. Her lokalt er han nok best kjend for sitt gode spel for Sogndal i 2017-18. Karriere: 1994-99: Lyn.  1999-2002: Wimbledon (under Drillo).  2002: Moss.  2003-09: Vålerenga.  2009-2012: Aalborg.  2012-2014: IFK […]

Frode Grodås gjer comeback mot Færøyane!

Frode Grodås skulle vera kjend for dei fleste. Honndølen hadde ei lang karriere i Noreg, England og Tyskland med cupfinale for Chelsea som eitt av høgdepunkta. No gjer han comeback i det norske buret mot Færøyane, og dette skjer sjølvsagt i Lærdal under veterancupen i januar. I mellomtida kan me lada opp med A-landslaget i […]

Landslagsklasse på gang!

Me jobbar med å få til ei landslagsklasse i 2020. Me siktar først og fremst til dei nordiske landa, men me har også følarar ute mot andre europeiske land. Det er ikkje noko heilt konkret per dags dato, men me kan lova at dette blir attraktivt om det går i orden. Følg med her på […]

Gratulerer med dagen!

Turneringsleiar Roald Flodsand fyller 60 år i dag, onsdag 20.3. Gratulerer med dagen!