Oppføringer av Veterancup

Bussrute frå Bergen til og frå Veterancup 2023

Veterancup set opp bussrute frå Bergen til Lærdal også denne turneringa i 2023 Frå Bergen til Lærdal Fredag 27. januar: Bussen går frå Flesland kl. 10:30, frå Nesttun kl. 10:40, frå Bystasjonen kl. 11:00 Frå Lærdal til Bergen Søndag 29. januar:     Bussen går tilbake til Bergen kl. 10:30 frå Lærdal Hotell. Pris pr. […]

Til tross for krigen, Ukraina kjem til Veterancup 2023

Om lag 20 av Ukrainas mest kjende fotballstjerner vil delta i årets Veterancup i fotball i Lærdal, Årdal og Aurland 27.-28. januar 2023. Samtlege av spelarane har gjort karriere i ukrainsk eller europeisk toppfotball. Dei aller fleste har spelt på det ukrainske landslaget. Fleire av spelarane tenestegjer som soldatar, men får løyve til å forlate […]

Påmelding Veterancup 2023

Det er framleis mogleg å melde seg på Veterancup 2023. Lag som var med i 2020, har førerett ved å melda seg på innan 20. november 2022. Etter den tid vil lag som ligg «på vent» få plass. Hugs å føra på kva lag/klasse det gjeld ved betaling av deltakaravgifta.

Booking av overnatting har starta!

Det er no opna for booking av overnatting i samband med Veterancupen 2023. Lærdal Hotel vil som tidlegare stå for booking og organiseringa av dette. Pris i år er kr 3.500 pr pers. inkl frokost laurdag og søndag. Prisen inkluderer også middag fredag og banketten laurdag. Send bestillinga til okn@strynhotel.no Me gler oss!

Påmleding Veterancup 2023

Me har no opna for påmelding til Veterancup 2023! Veterancup 2023 vert spela fredag 27. januar og laurdag 28. januar. Me avrundar laurdag kveld med bankett og prisutdelingar på Lærdal Hotell. På herresida kan ein melde seg på i klasse for old boys, veteran 40+, veteran 50+, veteran 55+, veteran 60+. Sistnemnde klasse er ny […]

Vi er tilbake – er du?

Veterancupen er tilbake i tradisjonell form i 2023. Medlemmer i arrangementgruppa gjennomført planleggingsmøte på Kielbåten sist helg, og er glad for å kunne ønskje velkommen til tradisjonell veterancup i 2023. Sjølvsagt med atterhald om noko uforutsett skjer. Me vil om kort tid legge ut nærare informasjon om påmeldinga etc. Stor takk til samarbeidspartneren Tide Buss AS som stilte buss […]

Veterancup 2022 – avlyst – velkomen tilbake i 2023!

Me må diverre i år, som i fjor, avlyse cupen grunna koronapandemien. Med stadig aukande smitteauke, har me ikkje noko anna val. Me har gjort avklaringar med både turneringslege og lokal smittevernlege.   Me satsar på at alle er klare til turnering neste år, 27. – 28. januar 2023! Så ingen grunn til å legge […]

Ei riktig god jul fra Veterancup

Veterancupen ynskjer alle ei god og smittefri jul. I desse usikre tider rundt smittesituasjonen så håpar me å kunne arrangere turnering siste helga i januar. Dette vil me ta stilling til tidleg inn i 2022.

Koronasituasjonen

Grunna koronasituasjonen må me vurdere om turneringa kan gjennomførast. I samråd med turneringslege vil me ta stilling til dette like etter nyttår.   Lærdal Hotel sender difor ikkje ut faktura før dette er avklara.