Lærdalsdamene stiller med lag for fyrste gang.

Espeseth og LervikLærdalsdamene stiller i 2006 turneringa med lag for fyrste gong. Nokre av damene frå Lærdal har erfaring frå tidlegare Veteranturneringar, men har då vore innleigde til Arna-Bjørnar.

På biletet til venstre kan me sjå Birgit Lervik (t.h) takkar Gro Espeseth for kampen i 2005 turneringa.

Desse to kjem kanskje til å møtast…..

att i 2006 også.  Det vil vi fyrst sjå når kampoppsettet er klart.
Nettsida kontakta «manager» for laget, Lise Cirotzki og spurde kva som var grunnen til at dei no vil stilla med damelag.:
Lise fortel at det heile begynte som ein spøk under turneringa i fjor.  Sidan Lærdal er arrangør av turneringa var det ikkje meir enn rett og rimeleg at dei burde ha eit damelag med.
Så manager Lise tok like godt og melde på eit lag utan at resten av damene viste om det.

Lise (som også er nyvald leiar for Lærdalsfotballen), seier til nettsida at dei ikkje har ambisjonar om å gå heilt til topps i turneringa.  Damene har som dei seier meldt seg på for moro skuld. 

Men nettsida trur nok  at dei andre damelaga  skal ta Lærdalsdamene på alvor.  Tre av spelarane deira har som nemnt tidlegare representert andre lag i tidlegare turneringar og er alle gode fotballspelarar.

Me ynskjer Lærdalsdamene lukke til og kjem attende med namna på laget når den store helga nærmar seg.


Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no