God Jul til alle fotballvenner !!

Jotunsupporter ynskjer God Jul….Då har nok «julefreden» senka seg i dei fleste fotballheimar.  «Tinka» (på biletet til venstre)er klar både til julepakkar og fotballturnering.


Sjølv om delar av familien er Brann – og Rosenborgsupporterar, har matmor lært ho å bli ei «ihuga Jotun-jente».


I Årdal vert ikkje fotballskoa lagt til side i julehelga.  Allereie 1. juledag brakar…..

det laus i Årdalshallen.  Då er det lokal fotballturnering der 12 lag er påmelde.  Dette vert nok for dei fleste ei testing av om formen er slik den bør vera fram mot veteranturneringa ein månad seinare.
Frå og med «rom-jula» vil det bli «full fart» på nettsidene våre.  Då begynnar me med presentasjon av ulike lag fram mot Cupen.

Då vil eg til slutt i denne omgang ynskje alle fotballvenner Ei God Jul. Me gler oss til å treffa kvar einaste ein av Dykk siste helga i januar 2006.

Med helsing Veteranturneringa 2006.

Ruthl@indresognbil.no