Neste års turnering vert 27. og 28. januar


Arbeidet med neste års veterancup er godt i gang. Turneringa i 2006 vert 27. og 28. januar. Alle lag som var med i 2005 har fyrsterett til å delta. Dersom ikkje alle laga som deltok i årets turnering melder seg på innan 1. november, vil nye lag frå høve til å vere med. 2006 utgåva av Veterancupen vil ha om lag like mange deltakande lag som inneverande år. Me har inntrykk av at cupen stort sett har funne si form, opplegget for neste års cup vil difor bli mykje likt tidlegare. Me i Lærdal ynskjer alle veteranar og oldboys ein god haust og førjulsvinter, og vel møtt til kampen om lærkula siste helga i januar. Og hugs påmeldingsfristen 1. november.  Om du har interessant stoff til turneringa, kontakt:  Steinar.kvigne@lardalsnett.no eller ruthl@indresognbil.no