Ny cuptriumf for Brann

Brann knuste Lyn 4-1 i cupfinalen på Ullevål stadion søndag. Kanskje var bergensarane sin triumf i Veterancupen som inspirerte Kvisvik & co til festframsyninga mot Lyn.

I alle fall er det fyrste gong sidan Veterancupen vart skipa til at laget som vann finalen her same året sikra seg sigeren på Ullevålmatta. Det greide Brann på ein overbevisande måte, dei formeleg feia Lyn av bana denne novembersøndagen. Ein fantastisk prestasjon av laget som i tillegg tok bronse i tippeligaen og dermed kvalifiserte seg til Royal League. Etter vårt syn stiller saka seg slik; Alle topplag i norsk fotball som har ambisjonar om å vinne cupfinalen på Ullevål neste haust har større sjansar til dette dersom dei går til topps i Veterancupen. Berre så det er klart, Gøran Sørloth, Eirik Foss, Terje Kojedal, Svein Matta Mathisen & co. Her gjeld det å «gi jernet» når Kjellien og resten av Brannlaget er motstandar i Årdalshallen i januar.