Gav pengar til dei yngste

Idrettslaga Lærdal, Jotun og Årdalstangen har fått 10.000 kroner kvar av tilskiparane av Veterancupen. Sjekkane vart overlevert i samband med minputturneringa i Lærdal sist søndag.


_Det er ein viktig signaleffekt at me får kanalisert ein del av overskotet til bruk blant dei yngste fotballspelarane, seier Roald Flodsand. Han er ei av eldsjelene for Veterancupen.


Roald Flodsand deler ut gåvesjekka til representantar for Læredal, Årdalstangen og JotunDet var ved tilskipinga av miniputturneringa i Lærdal søndag at Veterancupen overrekte sjekkane til representantar for dei tre idrettslaga. Veterancupen har sidan starten avvikla kampane i idrettshallane på Tangen og i Øvre Årdal. Utan god hjelp frå folk tilknytt fotballmiljøet i Lærdal og Årdal hadde det vore umogleg å avvikla dei årvisse veteranturneringane i januar. Roald Flodsand er difor glad over å kunne gi litt tilbake, og finn det naturleg at dette går til barnefotballen i dei tre laga.


_No er ikkje overskotet av veteranturneringa så veldig stort. Det er heller ikkje poenget at me skal sitje med mykje pengar på bok. Me tykkjer det er rett å kanalisere midlar til dei yngste spelarane. Dette er difor ei oppgåve eg gjer med stor glede, seier Flodsand. Jon Erik Rode, Jan Are Øvstetun og Odd Børge Nundal som på vegne av laga i mot sjekkane er veldig glade for initiativet frå Veterancupen og seier pengane kjem godt med.’


_Ja dette er me heilt klart glade for, seier Jon Erik Rode.


 


Skapar relasjonar


Roald Flodsand meiner ein idrettslaget gjennom Veterancupen har skapt relasjonar mellom idrettslaget i Lærdal og klubbar utanfor distriktet. Ikkje minst viser den store deltakinga i Lærdalsturneringa for fjorten dagar sidane dette.


_Eg trur det hadde blitt vanskelegare å hente lag frå klubbar som til dømes Brann og Stabæk til denne turneringa hadde det ikkje vore for det gode samarbeidet me har med desse gjennom Veterancupen, avsluttar Flodsand.


_